GULROT: Høgre, Frp, Venstre og KrF er samde om å gi 100 millionar kroner ekstra til kommunar som slår seg saman. Pengane er sett av til veg og IKT.​ Foto: Flickr/Stortinget.
GULROT: Høgre, Frp, Venstre og KrF er samde om å gi 100 millionar kroner ekstra til kommunar som slår seg saman. Pengane er sett av til veg og IKT.​ Foto: Flickr/Stortinget.

Ny borgarleg gulrot til kommunar som går saman

Høgre, Frp, Venstre og KrF er samde om å gi 100 millionar kroner ekstra til kommunar som slår seg saman. Pengane er sett av til veg og IKT.

Indre Sogn: Det kjem fram i kommuneproposisjonen, som blir lagt fram i samband med revidert nasjonalbudsjett onsdag.

50 millionar kroner er allereie sett av til tilskot til å ruste opp eller ferdigstille fylkesvegar, breiband og andre digitaliseringsprosjekt for kommunar som fattar vedtak om kommunesamanslåing innan 1. juli i år.

No blir summen for 2017 auka med 100 millionar, til totalt 150 millionar kroner, opplyser Høgres kommunalpolitiske talsperson Frank Jenssen til NTB.

– Kommunar som går saman, får no moglegheit til for eksempel å ruste opp ein veg som går mellom dei, eller byggje ut breiband dersom dekninga er dårleg i lokalsamfunnet, seier kommunalkomiteleiar Helge André Njåstad (Frp).

Mange har søkt

Kommunesamanslåing er éi av dei store reformprosjekta til regjeringa. I vår gjennomfører ei rad kommunar folkeavstemmingar og innbyggjarundersøkingar i prosessen med å vurdere samanslåing.

Mange kommunar har allereie søkt om støtte i samband med tilskotsordninga som no blir styrkt.

Kommunaldepartementet har fått 36 søknadar frå til saman 95 kommunar. Total søknadssum er 222 millionar kroner til totalt 59 enkelttiltak.

Krev samanslåing

30. juni er fristen kommunane har til å komme fram til frivillige løysingar seg imellom om samanslåing.

Søknadar om støtte til å ferdigstille infrastruktur vil ikkje bli behandla før det er fatta formelle vedtak om samanslåing, altså etter 1. juli. Prosjekta må også vere fysisk i kommunar som slår seg saman.

– Dei til saman 150 millionar kronene som blir løyvde i år og neste år, kjem på toppen av allereie gunstige økonomiske ordningar for kommunar som slår seg saman, seier André Skjelstad frå Venstre. (©NPK)

Til toppen