Årdal: Måndag vart det oppdaga ein brann i ein bosdunk i Øvre Årdal, melder Sogn Avis, som først omtala saka.
Det var ein kommunalt tilsett som oppdaga at det hadde brunne og melde frå til politiet. Truleg hadde brannen sløkt seg sjølv, men politiet seier til avisa at det var tydelege spor etter påsetjing.

– Dette er verkeleg farleg. Dersom dette får ta skikkeleg fyr og ikkje vert sløkt, kan det i verste fall føra til brann i heile bygningen. Eg trur ikkje den som har gjort dette er klar over kva slags konsekvensar det vil få dersom heile Årdalshallen står i brann, sa Arne Kjos, overbefalsvakt for brann i Årdal kommune, til avisa.

Andre brann på éi veke
Det er berre litt under ei veke sidan at det brann i ein bosdunk ved Farnes kyrkje.
Det vart mistenkt at det var nokon som kasta brennande fyrverkeri i bosdunken, og ikkje at dette var eit forsøk på å tenna på kyrkja.
Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.