BRANN: Beredskap frå brann og politi rykka ut til Olahagen i Sogndal grunna brann i personbil. (Arkivfoto)
BRANN: Beredskap frå brann og politi rykka ut til Olahagen i Sogndal grunna brann i personbil. (Arkivfoto) (Illustrasjonsfoto: Lidvar Berge)

Personbil i Sogndal sto i full fyr - brannen er no slukka

Det skriv politiet på Twitter.

Sogndal: Like etter at ein garasje på Kaupanger brant ned, kom meldinga om ny brann i Sogndal. Brannen skjer i ein bensinbil ved Olahagen, melder politiet. 

Beredskap frå politi og brann er på staden. Brannen starta under eller like etter køyring, og det var to personar inne i bilen. Dei skal ha fått i seg litt røyk. 

– Det skal gå bra med personane. Dei kom seg fort ut, seier vaktleiar ved Vaktsentralen, Frode Korneliussen.

– AMK har tatt ei vurdering på at det ikkje var naudsynt å sende ambulanse, seier Frode Kolltveit ved operasjonssentralen til Porten.no. 

Klokka 14.50 opplyser Kolltveit om at det framleis er flammar i kjøretøyet. Årsaka til brannen er ukjent. 

Uvanleg nærme – brannmannskapa måtte dela seg i to

Korneliussen kan fortelje at det ikkje er vanleg at det oppstår to brannar same stad nesten samtidig.

– Nei, det er heller uvanleg. Men no var det stor geografisk spreiing på dei hendingane, seier Korneliussen.

Han legg til at brannmannskapa måtte dela seg på dei to stadene, og i tillegg blei det sendt ressursar frå Leikanger. 

Porten.no oppdaterer saka. Tips eller bilete? Send på tips@porten.no eller ring 97546895. 

Til toppen