TILSETTE: Sandra Mariel Hollevik, Monica Stokke, Linda Rinde og butikksjef Jan Åge Rinde. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
TILSETTE: Sandra Mariel Hollevik, Monica Stokke, Linda Rinde og butikksjef Jan Åge Rinde. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Ny butikk sikra Sandra lærlingplass

Då det skulle tilsettjast fleire folk i den nye møbelbutikken i Årdal fekk Sandra Mariel Hollevik ein gylden moglegheit for å sikra seg lærlingplass i servicefaget. 

Årdal: Hollevik er ein av dei fire tilsette som torsdag hadde sin første arbeidsdag på den nyopna møbelbutikken i Øvre Årdal. 

Saman med dagleg leiar Jan Åge Rinde, Linda Rinde og Monica Stokke, skal Hollevik selja møbler i Årdal for første gong på 10 år. 

Les også: Opna ny møbelbutikk i Øvre Årdal​ 

– Vanskeleg å få lærlingplass

Det er eit år sidan at Hollevik var ferdig med den faglege delen av utdanninga si på sal-, service- og samferdsellinja på Årdal Vidaregåande skule. Sidan den gong har ho oppsøkt bedrifter i kommunen i håp om å skaffa seg lærlingsplass. 

– Det har vore veldig vanskeleg å få lærlingplass. Eg har gått å spurd mange plassar, men det har ikkje vore nokon moglegheiter, før no, seier ho. 

Les også: Ti av tolv står utan læreplass

I tida etter skulegangen, fekk ho seg jobb på Hydro og deretter i klesbutikken. Då nyheita om at Fagmøbler skulle starta opp i Årdal, bestemte ho seg for å søkje på ei fast stilling som seljar i butikken. 

Tilbod om lærlingplass

– Eg trudde ikkje dei var interessert i å ta inn lærlingar då eg søkte på jobben, men under jobbintervjuet fekk eg tilbod om nettopp det. Sjølvsagt ville eg ha lærlingplass, fortel Hollevik. 

Ho var fast bestemt på at ho ikkje ville flytte frå bygda og leite etter lærlingplassar andre stader i landet. 

– Endeleg var lærlingplass i boks og eg fekk det jammen med i Årdal også, avsluttar ho. 

Les også: Dei skal satsa på møblar i Årdal

Line Moen uttala under opninga at ho var veldig stolt over teamet som var blitt plukka ut til å jobba u butikken. 

Blir ny butikksjef

Jan Åge Rinde er mannen som har teke på seg rolla som dagleg leiar for den nyopna møbelbutikken i Øvre. 

Dei siste sju åra han har vore butikksjef på Kiwi i Øvre Årdal og før det dreiv han storkiosken på sama plass. 

– Det eg gleda meg mest til er at ein blir ein seljar. I tillegg får ein meir kontakt med folk, enn til dømes i ein matvarebutikk der ein blir mål etter kor mykje varer ein klarar å dytta ut i løpet av ein time, seier Rinde. 

Han trur marknaden for møbler i nærområde kan bli stor med tanke på kor mange som reiser til Sogndal og Kaupanger for å handle. 

– Dette gjeld både Lærdal og Årdal. Eg kan ikkje skjønna noko anna enn at me har ein stor marknad for dette her. I tillegg er det fleire folk som har studert på nettopp dette, seier han. 

Til toppen