FM-SLUTT: Mange norske bileigarar har ikkje DAB-mottakar i bilen. Neste år sløkkjer FM-bandet. FOTO: Foto: Produsenten /
FM-SLUTT: Mange norske bileigarar har ikkje DAB-mottakar i bilen. Neste år sløkkjer FM-bandet. FOTO: Foto: Produsenten / (Foto: Produsenten/Tiny Audio)

Ny DAB-mottakar

I Noreg er det over 2,8 millionar køyretøy som må skaffa seg DAB-mottakar når FM-nettet blir sløkt i 2017, ifølgje Digital Radio Norge og TT Micro.

– Det er framleis mange bilar som køyrer utan DAB-radio i dag. Dette gjeld ikkje berre gamle bilar, men også mange nye bilar dei siste åra, seier Tom Vedvik i TT Micro AS, som er ein norsk leverandør av telekom- og elektronikkprodukt.

Dei lanserer no eit produkt dei kallar Tiny Audio C5, som skal vera ein DAB-mottakar og eit underhaldningssystem til bilen. Systemet skal ha betra elektronikken samanlikna med tidlegare utgåver, og handfri-funksjonen er oppgradert med innebygd mikrofon.

Mottakaren blir installert på dashbordet og kopla til ei filmantenne som følgjer med og blir montert i frontruta og kostar 2000 kroner.

Ny luksus-SUV

Det har i fleire år vore klart at den italienske bilprodusenten Maserati skulle koma med ein SUV. No har dei sleppt dei første offisielle bileta av Levante før verdspremieren på bilutstillinga i Genève, som startar i byrjinga av mars.

Bilen blir bygd på anlegget til Maserati i Torino, og han deler designelement med dei andre modellane, særleg synleg i lykter og grill.

Levante kjem sjølvsagt med firehjulstrekk, og skal ha eit avansert elektronisk understell. Produsenten er førebels sparsam med ytterlegare teknisk informasjon, men seier at bilen vil bli tilgjengeleg med både bensin- og dieselmotorar.

Thomas Kleven hos luksusbilimportøren Autoxo på Høvik utanfor Oslo, fortel at dei så langt har fått ti tingingar på Levante frå norske kundar.

– Prisen er ikkje stadfesta enno, men dei signala vi har fått, er at bilen skal prisast omtrent som Ghibli. Vi ventar at dieselutgåva skal kosta frå cirka éin million kroner, seier Kleven.

Artikkelen held fram under biletet. 

NO KJEM HAN: Den lenge annonserte SUV-en til Maserati skal snart avdukast.
NO KJEM HAN: Den lenge annonserte SUV-en til Maserati skal snart avdukast.

Halvert leveringstid på ladbare hybridar frå VW

Noreg er ein svært viktig marknad for dei ladbare hybridbilane til Volkswagen, difor har fabrikken no kutta leveringstida på Golf GTE og Passat GTE, fortel den norske importøren.

Golf GTE vil no bli levert rundt to månader etter bestilling, på lik linje med dei andre Golf-modellane. Medan Passat GTE går frå å ha ei leveringstid på opptil eitt år til mellom fire og seks månader.

Importøren kan også informera om at elbilane e-Golf og e-up no blir leverte innan to månader.

Artikkelen held fram under biletet. 

KORTARE VENTETID: Dei ladbare bilane til Volkswagen har hatt lang leveringstid, men ikkje no lenger.
KORTARE VENTETID: Dei ladbare bilane til Volkswagen har hatt lang leveringstid, men ikkje no lenger.

Nyheiter på rekkje og rad frå Kia

Kia kjem med fleire nye modellar som skal visast på den komande bilutstillinga i Genève. To er hybridar, der Optima blir den første ladbare. Han kjem for sal til hausten og har ei elektrisk rekkjevidd på 54 kilometer, samla effekt blir på 205 hestekrefter. CO2-utsleppet er på 37 gram per kilometer.

Optima kjem i tillegg som stasjonsvogn, inspirert av konseptbilen Sportspace. Han har eit bagasjerom på 553 liter og har den same breidda og lengda som sedanen, men er litt høgare. Han blir tilgjengeleg med ein dieselmotor på 131 hestekrefter og to bensinmotorar på 163 og 245 hestekrefter.

Kia Niro er den første bilen frå selskapet som er bygd på det produsenten kallar ei «miljøplattform.» Det er ein crossover med hybrid drivlinje. Samla effekt er 141 hestekrefter, og elmotoren skal vera på 32 kilowatt. I storleik er han ein mellomting mellom Sportage og cee'd. Han kjem på marknaden i andre halvdel av 2016.

Artikkelen held fram under biletet. 

EIN AV FLEIRE: Niro er ein av fleire nyheiter frå Kia.
EIN AV FLEIRE: Niro er ein av fleire nyheiter frå Kia.

Mercedes-AMG junior

Mercedes kjem med ein AMG-modell som legg seg noko under dei heftigaste utgåvene frå spesialavdelinga til fabrikken.

– Der dei fullblods «63»-modellane byr på klasseleidde råskap, er «43»-modellen skapt for å byggja ei bru mellom dei mest ekstreme og dei vanlege C-Klasse Coupé-versjonane. Det er spesielt gledeleg for oss nordmenn at bilen også kjem med 4MATIC som standard, seier konstituert direktør i Mercedes-Benz Personbil, Reidar Holtedahl, i ei pressemelding.

Mercedes-AMG 43 4MATIC Coupé har ein ny treliters V6-motor med twinturbo, som yter 367 hestekrefter og gjer null til hundre på 4,7 sekund.

Bilen kjem på den norske marknaden til våren, prisen er enno ikkje klar. (©NPK)

NESTEN VERSTING: AMG-avdelinga til Mercedes-Benz kjem med «'mildare» bilar.
NESTEN VERSTING: AMG-avdelinga til Mercedes-Benz kjem med «'mildare» bilar.

 

Til toppen