Frå venstre: Dagleg leiar i Østerbø Maskin Steinar Holen og Fredrik Knutssøn som er tilsett som ny leiar for elektro.
Frå venstre: Dagleg leiar i Østerbø Maskin Steinar Holen og Fredrik Knutssøn som er tilsett som ny leiar for elektro. (Foto: Østerbø Maskin)

Ny leiar for elektro i Østerbø Maskin

Fredrik Knutssøn er ny leiar for elektro i Østerbø. Han skal bygge opp ei meir målretta satsing på elektro og automasjon.

Høyanger/Gulen: – Vi er svært glade for at Fredrik har takka ja til stillinga som leiar av elektrosatsinga i bedrifta, seier dagleg leiar Steinar Holen i Østerbø Maskin AS i ei pressemelding.

Østerbø melder at bedrifta skal satse meir målretta på elektro og automasjon og at oppkjøpet av Meland Elektro i haust og tilsettinga av Knutssøn er to steg på denne vegen.

– Vi skal òg posisjonere oss for å utføre fleire større prosjekt som installasjon for oppdrett, havbruk og industri, og ønsker derfor å auke tal elektromontørar både på Østerbø og Meland no i 2020. Dette blir ei spennande og viktig satsing, seier Holen.

Knutssøn er 34 år starta som elektrikar og vidareutdanna seg til elkraftingeniør og elektrokommunikasjonsingeniør. Han har også utdanning innan økonomi og leiing, samt agronomi. Den nye leiaren for elektrosatsinga har arbeidserfaring som disiplinleiar på større jobbar for Equinor innan elektro og telekommunikasjon.

– Eg har blitt teke i mot med opne armar og har i løpet av hausten fått delteke i oppkjøpet av Meland Elektro. Slik har eg allereie fått vere med på ei stor hending for selskapet. No ser eg fram til å brette opp ermene og gjere mitt ytste for å sette elektro og automasjon tydeleg på kartet i framtida, fortel Knutssøn.

Østerbø Maskin er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag 30 tilsette fordelt på Østerbø og Sløvåg.

Til toppen