Anders-Johan Almås får utsikt til sin gamle arbeidsplass hjå HVL når han blir ny direktør for Vestlandsforsking.
Anders-Johan Almås får utsikt til sin gamle arbeidsplass hjå HVL når han blir ny direktør for Vestlandsforsking. (OlaRise)

Ny direktør ved Vestlandsforsking

Anders-Johan Almås frå Leikanger er tilsett som ny direktør, skriv Vestlandsforsking i ei pressemelding.

Sogndal: Almås kjem frå stillinga som seniorrådgivar i avdelinga for forsking, internasjonalisering og innovasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Han har tidlegare arbeidd hjå til dømes SINTEF og Multiconsult.

Den nye direktøren har utdanning som sivilingeniør, med doktorgrad frå NTNU innan temaet berekraftig klimatilpassing av bygg og anlegg. Han har også arbeidd med innovasjon og annan klimarelatert forsking. Han er på plass på instituttet i Sogndal i løpet av hausten.

Til toppen