SAMANSLÅTT: Kunnskapsdepartementet har vedteke å slå saman studentsamskipnadene i Bergen, Stord/Haugesund og i Sogn og Fjordane med verknad frå nyttår.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.
SAMANSLÅTT: Kunnskapsdepartementet har vedteke å slå saman studentsamskipnadene i Bergen, Stord/Haugesund og i Sogn og Fjordane med verknad frå nyttår.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.

Ny felles samskipnad: – Liten sjanse for innverknad

Kunnskapsdepartementet har vedteke å slå saman studentsamskipnadene i Bergen, Stord/Haugesund og i Sogn og Fjordane med verknad frå nyttår.

Sogndal: Samanslåinga skal fremje ein einskapleg organisasjon av studentvelferda ved Høgskulen på Vestlandet, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. 

– Me hadde kanskje forventa at det kom eit slikt resultat. Det er Kunnskapsdepartementet som bestemmer. Eg tenkjer at eg er mest skuffa på vegne av studentane som har gjort ein så stor innsats og vore så positive til Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (Sisof). Dei har støtta oss mykje i saka, seier administrerande direktør for Sisof, Randi Marie Sjøholt, til Porten.no.

– Utover det må me forholde oss til det som er bestemt og følgje vedtaket. Me har ikkje noko anna val.

Vart ikkje samde

Då studentsamskipnadene møtte Kunnskapsdepartementet i byrjinga av september, klarte dei ikkje å bli samde. Saka gjekk difor til politisk handsaming. 

Organisasjonsmodellen var ein av delane samskipnadene ikkje klarte å einast om den gongen. Etter som styret vert demokratisk vald, er sjansane små for at Høgskulen i Sogn og Fjordane får ein representant i det nye styret. I beste fall blir det på deling med samskipnaden i Stord/Haugesund. 

– Studentane i Bergen vel representantar frå velferdstinget i Bergen, så studentar som skal inn i det nye styret vert valt av velferdstinget. Når Bergen er representert med 30 000 studentar og Sogn og Fjordane med 4000, er sjansen liten for å få inn ein representant i styret, seier Sjøholt.

– Viss dei tar på seg snillismen, kan dei setja ein representant på deling. Dette er noko velferdstinget diskuterer no. 

Vanskeleg å bli høyrt

Også tilsettrepresentant vil vere vanskeleg å få inn etter som det er 300 tilsette i Bergen og 47 i Sogn og Fjordane. 

– Det nye styret skal setja ny organisasjon, og så lenge Bergen er så store som dei er, er det naturleg at administrasjonen i Bergen vert høyrt. 

– Korleis skal Sogn og Fjordane bli høyrt?

– Det er å kjempe fram saker via administrative ressursar og via den som vert administrerande direktør. Det er den einaste måten.

Den nye organisasjonen får namnet Studentsamskipnaden på Vestlandet. Også dette var ei kampsak, men Sjøholt er nøgd med namnet.

– Det er bra. Det skulle nesten berre mangle, synest me. 

Til toppen