NOKO SLIKT?: Verken den kvite fjordsti-brua eller dei fire høgblokkene på Lerum-kaia finst i dag, men kan alle bli ein realitet om få år.
NOKO SLIKT?: Verken den kvite fjordsti-brua eller dei fire høgblokkene på Lerum-kaia finst i dag, men kan alle bli ein realitet om få år. (Illustrasjon: Lerum Brygge AS)

Ny fjordsti-bru får 6,4 millionar

Over halve overskotet til Sogndal kommune frå 2017 går til å knyta fjordstien saman mellom slakteritomta og dei planlagde høgblokkene på Lerum-kaia.

Sogndal: I 2017 brukte Sogndal kommune 11,8 millionar kroner mindre enn budsjettert. Torsdag skulle politikarane bestemma kva dei vil bruke desse pengane til.

Den største summen, 6,4 millionar, vert sett på eit fond som skal finansiera ny bru over Sogndalselvi. I dag er fjordstien kutta i to nede ved munninga av elva.

I februar orienterte rådmannen at han ville invitera tre firma til ein arkitektkonkurranse, der oppgåva er å teikna eitt nøkternt alternativ og eitt litt meir spenstig. Konkurransen har enno ikkje blitt lyst ut, for i mellomtida har kommunen måtta prioritera planlegging av den nye barnehagen i Fosshagen, eit prosjekt som hastar langt meir.

Til Porten.no seier rådmannen at utlysinga av bruprosjektet er nært føreståande. Først når arkitektane har lagt fram sine svar, vil me få vita kor mykje ei slik bru vil kosta. Saka skal då opp som ny sak til kommunestyret, som må vedta kor påkosta dei ønskjer løysinga skal vera.

Resten av overskotet frå 2017 vart disponert slik:

  • 2,1 millionar kroner til kjøp av bustad til flyktningetenesta.
  • 1,4 millionar blir sett av på kraftfond II.
  • 1 million skal brukast på vegvedlikehald.
  • 650.000 kroner til nytt gravlundsbygg ved Kaupanger stavkyrkje.
  • 250.000 skal gå til ein forvaltingsrevisjon av kommunen i regi kontrollutvalet.
Til toppen