OMFATTANDE GRANSKING: Leiaren i kontrollutvalet, Arnt Olav Munthe (H), seier barnevernsrapporten skal vere klar i oktober.
OMFATTANDE GRANSKING: Leiaren i kontrollutvalet, Arnt Olav Munthe (H), seier barnevernsrapporten skal vere klar i oktober. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Barnevernsrapporten let venta på seg – dette er den nye fristen som er sett

– Det blir nok eit omfattande dokumenttilfang når dei har jobba såpass lenge med det.

Sogndal: Den første fristen var 1. juni, så vart han utsett til 31. august. Men i midten av september let rapporten om dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern framleis vente på seg.

– Det er no bebuda at han skal leggast fram 19. oktober for eit samla kommunestyre og kontrollutval, seier Arnt Hovland Munthe, leiar av kontrollutvalet i Sogndal kommune.

Han stadfester at kontrollutvalet ikkje har blitt involvert eller blitt gjort kjent med delar av rapporten undervegs.

SKAL GJE SVAR: Kva gjekk gale i Sogn barnevern? Det skal forhåpentlegvis rapporten til Arbeidsmiljøspesialistene gje svar på.
SKAL GJE SVAR: Kva gjekk gale i Sogn barnevern? Det skal forhåpentlegvis rapporten til Arbeidsmiljøspesialistene gje svar på. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Nei, og eg har med vilje valt å halda meg litt vekke. No er det viktig at dei i Arbeidsmiljøspesialistene får gjera jobben slik dei treng. Så får me heller ta det når rapporten er heilt klar.

Munthe har heile tida vore tydeleg på at konsulentane skal få den tida dei treng til å gjere jobben skikkeleg. Målet er å få belyst alle sider ved dei tidlegare arbeidsmiljøkonfliktane, slik at det endeleg skal bli ro rundt organisasjonen.

Porten.no har snakka med advokat Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene. Han vil ikkje svare på noko som helst om saka, verken om dei vil greie den nye tidsfristen, eller om omfanget av arbeidet dei har lagt bak seg.

– Det blir nok eit omfattande dokumenttilfang når dei har jobba såpass lenge med det. Så det er forståeleg at det tek tid å samanfatte alt dei har samla inn, konstanterer utvalsleiar Munthe.

Til toppen