Sogndal: Odd Arve Rakstad er tilsett som mellombels rådmann i nye Sogndal kommune, skriv Sogn Avis.
Rakstad går inn i stillinga 15. september, men allereie under det nyvalde kommunestyret sitt første møte 3. oktober, kan ein ny rådmann bli tilsett.
I første omgang var det Stig Arne Thune som fekk rådmannjobben i nye Sogndal. I slutten av juni melde han derimot på sin Facebook-profil at han hadde sagt opp.
Årsaka var at pendlinga frå Bergen til Sogndal gjekk på bekostning av familie, vener og anna, i tillegg til at han fekk ny leiarstilling i Bergen.