AUF i Sogn og Fjordane held denne helga fylkesårsmøte på Nesholmen i Hyen, der Henrik Thorsnes Lefdal blei valgt som ny fylkesleiar.
Klar for å styrke AUF
–Med 458 medlemmar i ryggen og fylket sin desidert største ungdomsorganisasjon, skal me kjempe for fridom, likskap og solidaritet, fortel den nyvalde fylkesleiaren.
–Eg er utruleg stolt over tilliten fylkesårsmøte har gitt meg og eg er klar for å styrke organisasjonen i framtidsfylket.
Innstilt på å vinne valet
Lefdal informerer om at fokuset fram til hausen vil vere Stortingsvalet, som dei er innstilt på å vinne.
–AUF har fire områder som vil vere kampsaker framover: arbeidsløysa, ein skule for framtida, klima og miljø og varmare samfunn.
