Jonsok er ein tidleg matpotetsort som blei foredla fram ved NLH som ei kryssing mellom sortane Saskia og Ulster Prince. Sorten blei godkjent i 1974. Mange hugsar sorten frå 1970 og -80-talet. Foto: Kari Hamre / NPK
Jonsok er ein tidleg matpotetsort som blei foredla fram ved NLH som ei kryssing mellom sortane Saskia og Ulster Prince. Sorten blei godkjent i 1974. Mange hugsar sorten frå 1970 og -80-talet. Foto: Kari Hamre / NPK

Ny haust for historiske poteter

Det blir stadig forska fram nye og betre potetsortar, men det er også eit mål å ta vare gamle sortar med kulturhistorisk verdi. Hobbydyrkarar gjer her ein god jobb.

For 100 år sidan fanst det mange lokale potetsortar i Noreg. Mange bygder, og kanskje til og med gardar, hadde sine eigne variantar. I dagens moderne potetdyrking er det ikkje plass til poteter med dårlege agronomiske eigenskapar eller som ser ujamne ut. Mange gamle sortar har derfor forsvunne.

Det er likevel ei stor interesse for å verne om og bruke potetsortar som generasjonane før oss hadde på middagsbordet.

Gamle potetsortar er blitt populære samleobjekt som kombinerer kulturhistorie, vern av genressursar og unike kulinariske opplevingar.
Gamle potetsortar er blitt populære samleobjekt som kombinerer kulturhistorie, vern av genressursar og unike kulinariske opplevingar.

Rik potethistorie

– Poteta er utruleg viktig for nordmenn og er ein del av norsk matkultur. Sjølv om forbruket har gått ned i Norden, står poteta framleis sterkt i det norske kosthaldet. Vi har eit mål om at mangfaldet av historiske potetsortar skal bli kjent, tilgjengeleg og brukt, seier seniorrådgjevar Morten Rasmussen ved Norsk genressurssenter.

Potetgenbank

Dei siste 25 åra er det gjort eit stort arbeid med å samle inn og vurdere verdien av potetsortar i regi av det som i dag heiter Norsk genressurssenter, og med god hjelp frå hobbydyrkarar frå heile landet. Svært mange sortar som ikkje er i bruk lenger er blitt samla inn og eigenskapane deira vurderte. No blir dei mest verdifulle gamle potetsortane frå Norden tekne vare på i ein genbank.

Dei fleste er sortar med lang historie og med entusiastiske støttespelarar som har argumentert med at sortane bør takast vare på og dyrkast. Desse sortane har kanskje ein spesiell smak, farge eller andre verdifulle eigenskapar.

– Det kjem stadig tips inn til oss om sortar som vi må sjekke. Nokre av dei er unike som vi må ta vare på. Andre kan vise seg å vere sortar vi har frå før, men med andre namn. Ein del har engelsk opphav, truleg komne til Noreg med sjømenn eller andre som var ute og reiste ein gong i tida. Så har poteta fått namn til dømes etter staden eller garden ho vart dyrka på, fortel Rasmussen.

Småskala hobbybruk

Materiale av dei gamle sortane vert virusreinsa og testa hos Norsk institutt for bioøkonomi og setjepoteter i form av miniknollar vert produserte ved Overhalla klonavlsenter i Trøndelag.

Artikkelen held fram under biletet.

Småskala potetdyrking. Mange hobbydyrkarar synest det er moro å prøve gamle norske potetsortar i kjøkenhagen sin.
Småskala potetdyrking. Mange hobbydyrkarar synest det er moro å prøve gamle norske potetsortar i kjøkenhagen sin.

Dei siste åra har Genressurssenteret tilbydd eit utval av potetknollar av historiske sortar til forskarar, bønder og hobbydyrkarar. Interessa for poteter som skil seg ut frå dei ordinære konsumsortane har vore overveldande.

– Fordi interessa er så stor kan vi ikkje tilby meir enn to-tre knollar av kvar sort til kvar person. Men det er jo meininga at ein skal dyrke sine eigne setjepoteter av dei og slik få fleire, seier Morten Rasmussen.

Gamle potetsortar er blitt populære samleobjekt som kombinerer kulturhistorie, bevaring av genressursar og unike kulinariske opplevingar.

Til toppen