NY KOMMUNALSJEF: Arne Johansen er tilsett som ny kommunalsjef på helse og omsorg i Lærdal kommune. Foto: Jan Christian Jerving.
NY KOMMUNALSJEF: Arne Johansen er tilsett som ny kommunalsjef på helse og omsorg i Lærdal kommune. Foto: Jan Christian Jerving.

Ny helsesjef tilsett i Lærdal

Lærdal kommune har endeleg fått tilsett ny kommunalsjef for helse og omsorg.

Lærdal: Arne Johansen er på plass i stillinga frå 1. juni. Johansen kjem frå ei stilling i Helse Førde. Det stadfestar kommunen i ein e-post til Porten.no.

Dei siste 3,5 åra har han jobba som direktør for Intern Service og som prosjektkoordinator. 

Lærdal har dermed endeleg fått på plass ein ny kommunalsjef etter å ha lyst ut stillinga for snart eit halv år sidan. 

Mads Rekve vart først innstilt til stillinga tilbake i januar, men takka nei. Då var det fem som søkte på jobben, som Margunn Thue tidlegare hadde. 

Ut i mars vart søknadsfristen forlenga, og denne gongen var det ni som søkte på stillinga. Tre av desse var kvinner og seks var menn. 

Til toppen