NYTT ALBUM: Jazzduoen Terje Isungset og Karl Seglem lanserer fredag 19. august albumet «5te». Foto: Ina Eirin Eliassen.
NYTT ALBUM: Jazzduoen Terje Isungset og Karl Seglem lanserer fredag 19. august albumet «5te». Foto: Ina Eirin Eliassen.

Ny jazz frå Isungset og Seglem

Jazzduoen Terje Isungset og Karl Seglem lanserer fredag 19. august albumet «5te» – som er det femte i rekka sidan dei to første gongen fann saman som Isglem i 1987.

Årdal: Det nye albumet er «ei lydreise inn i eit urnorsk jazzlandskap på improvisasjonen sine premissar», slik dei sjølve skildrar det.

Gjennom tolv instrumentallåtar prøver dei to å mane fram ei form for urkraft med røter i norsk tradisjon, kultur og natur.

– Me både håpar og trur at lyttarane kan høyre denne inspirasjonen i musikken vår og få ei musikalsk oppleving som ikkje berre er av lyst og glede, men som òg utfordrar og fascinerer, seier Karl Seglem. (©NPK)

Til toppen