NY JOURNALIST: Liv Einemo Tønjum (21) studerer journalistikk ved Griffith University i Australia. Måndag hadde ho sin første dag som journalist for Porten.no.
NY JOURNALIST: Liv Einemo Tønjum (21) studerer journalistikk ved Griffith University i Australia. Måndag hadde ho sin første dag som journalist for Porten.no. (Foto: Sunniva Knutsen)

Ny journalist i Porten.no: Frå sol og varme i Australia til lokalnytt i Sogn

Liv Einemo Tønjum (21) frå Lærdal er vanlegvis å finna i solrike Australia, kor ho studerer journalistikk. No var ho klar for å dyppa tærne i arbeidslivet.

Årdal: – Det har vore lærerikt, eg har lært meir på to dagar enn eg har på både ei og to veker på universitetet, seier 21-åringen. 

Måndag la Einemo Tønjum bak seg sin første arbeidsdag som journalist i Porten.no.

– Korleis er det å koma tilbake til Noreg og skriva lokalnytt? 

– Eg trur det blir veldig spanande og lærerikt. Det er ulikt frå studiane i Australia, kor me skriv om nasjonal politikk og ting som er veldig nytt for meg. Heime i Sogn har eg meir kunnskap, og eg kjenner meg meir rusta. 

Tykkjer folk er meir opne i Australia

Einemo Tønjum er fødd og oppvaksen i Lærdal, men har nett fullført det første året av bachelorgraden i journalistikk ved Griffith University i Gold Coast, Australia. 

I 2017 var ho på verdsreise saman med nokre venninner frå Lærdal. Då ho skulle søka seg inn på eit universitet, var Australia eit naturleg val. 

– Eg vart heilt forelska i landet, kulturen og ikkje minst vêret. I tillegg er folk veldig opne i Australia, ulikt oss i Noreg, kor me er ganske lukka. Her blir ein sett rart på om ein helsar på ein framand på gata, seier ho og legg til: 

– Ein må koma seg ut og sjå litt meir enn Lærdal, ler ho.  

Har ønskja å bli journalist sidan ungdomsskulen 

Den 21 år gamle jenta har hatt karriereplanen klar sidan tenåra. Allereie på ungdomsskulen visste ho at ho ville bli journalist. 

 Å gå på media- og kommunikasjon på vidaregåande for så å studera journalistikk på universitetet, har alltid vore planen min. Eg veit ikkje heilt kvifor.

Ho seier ho er veldig glad i å prata med folk og er ganske nysgjerrig. Innanfor journalistikken likar ho særs godt å koma tett på personar og fortelja deira historie.

Eller, å gjera som forbildet Stacey Dooley, ein BBC-journalist som lagar dokumentarar frå U-land, fattigdom og minoritetar.

– Ho er veldig open og flink til å snakka med folk og koma tett på. Ho tek opp viktige tema. 

– Er det noko du kunne tenkja deg å jobba med? 

– Ho går jo inn i krigssonar, så kanskje ikkje akkurat det, ler ho og legg til:

– Men å finna fram til viktige historiar om menneske, det kunne eg ha tenkt meg. 

Til toppen