NY JOURNALIST: Synniva Knutsen (23) jobbar frå redaksjonen til Porten.no på Årdalssenteret. Hovudansvaret hennar er å dekka kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.
NY JOURNALIST: Synniva Knutsen (23) jobbar frå redaksjonen til Porten.no på Årdalssenteret. Hovudansvaret hennar er å dekka kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. ( )

Ny journalist i Porten.no: – Lettare å intervjua folk i Årdal enn i London

Sunniva Knutsen (23)  flytta frå kystbyen Florø til Årdal inst i Sognefjorden for å få jobba som journalist. Det var eit val ho ikkje stussa på eit sekund.

Årdal: Sunniva Knutsen (23) frå Florø har lagt første veka bak seg som journalist i Porten.no. Det tykkjer ho har vore kjekt, men travelt. 

– Det har vore ei bratt læringskurve, for det er ei stund sidan eg har skrive aktivt. Men det har vore ei positiv oppleving så langt, seier ho.

– Årdøler er lette å intervjua

Ho har alltid likt å skriva. Norsk og engelsk var dei sterkaste faga hennar på skulen. Etter vidaregåande skjønte ho at det var journalistikk ho ville studera. Men ikkje i Oslo, Bergen, eller Volda, som var dit dei fleste andre reiste.

– Eg ville gjera noko anna, seier Knutsen.

Dermed gjekk turen til England og Kingston University i London, der ho studerte journalistikk i tre år. 

I tillegg til interessa for å skriva, er Knutsen ein dedikert Liverpool-supportar og ivrig konsertgjengar. Lidenskapar som begge var rimeleg lette å kombinera med eit opphald i den engelske hovudstaden.

Om både fotball-laga og musikkscena er mindre inst i Sognefjorden, finst det likevel profesjonelle fordelar ved å flytta seg. 

– Årdøler er lette å intervjua, i motsetning til folk i London. Der var det vanskelegare å få folk i tale. Her er det nærast folk som oppsøker meg, og det er hyggjeleg, seier Knutsen.

Frå kysten til inst i Sognefjorden

Det var kanskje ikkje hit ho hadde tenkt å flytta etter studiane. Men Knutsen seier ho ikkje stussa då jobbtilbodet dukka opp. 

– Jobben var for god til å tenka at å flytta til Årdal skulle vera eit problem. Eg flytta til utlandet då eg var 19. Då vert ikkje overgangen frå Florø til Årdal særleg stor, seier Knutsen.

Ho merkar at folk i Årdal er nysgjerrige på kven ho er, ikkje minst når ho fortel at ho nettopp har flytta hit og skal byrja i ny jobb. Då lurer dei på om ho har tilknyting til Årdal frå før. Når svaret er at ho startar på bar bakke, er det mange som blir overraska.

– Innflyttar og tjuetre år gamal, det verkar ikkje å vera heilt normalt her, seier Knutsen og ler.

No ser ho fram til å fortella lesarane i Porten.no om det som skjer i Årdal og kommunane rundt. Og ho håpar folk er flinke til å tipsa om dei kjem på noko ho burde skriva om.

– Lokale nyheiter er kjekt å jobba med, eg kjenner det litt frå før som praktikant i Firdaposten. Eg ser på jobben som ein god sjanse til å læra mykje, seier ho.

Til toppen