NY JOURNALIST: – Eg hadde jo ikkje sett føre meg at eg skulle få jobba med journalistikk her då, så det var veldig kjekt at eg fekk moglegheita til dette, seier Vilde Grimelid Oppedal.
NY JOURNALIST: – Eg hadde jo ikkje sett føre meg at eg skulle få jobba med journalistikk her då, så det var veldig kjekt at eg fekk moglegheita til dette, seier Vilde Grimelid Oppedal. (Foto: Privat )

Ny journalist i Porten.no: Vilde køyrer i gong satsinga i Ytre Sogn

Vilde Grimelid Oppedal (34) frå Oppedal har bakgrunn som journalist og yogalærar. I framtida vil ho ta over heimgarden, men fyrst skal ho bygga opp Porten.no i Ytre Sogn.

Ytre Sogn: – Målet mitt er å få til ei god dekning av Gulen og Høyanger i fyrste omgang. Eg gler meg til å ta fatt på politikk og næringsliv, samt få fortalt gode historiar som finst kring oss, seier Vilde Grimelid Oppedal. 

Ho har studert statsvitenskap i England og har ein bachelor i journalistikk frå Universitetet i Bergen. 

Under studietida var ho innom Studvest i Bergen, og elles har ho hatt vikariat i Klassekampen og i Firda. 

– Tidlegare har eg jobba som journalist i Hardanger, og dei to siste åra har eg vore yogalærar og lærarvikar, men no vender eg altså attende til journalistikken, seier ho. 

Ho har vore hjå Porten.no sidan byrjinga av august, og frå midten av september er ho i gang for fullt. 

Tett på politikk, næringsliv og dei gode historiane

Og det gjer ho heime frå Oppedal.

– Det skal bli fint å bu på ein rolegare plass framover, og så er eg glad for å koma nærmare naturen. Eg er veldig glad i både friluftsliv, naturen, men også landbruk, fortel ho.

Grimelid Oppedal er nemleg nyutdanna agronom i tillegg til alt anna ho held på med. 

AGRONOM: Vilde er glad i landbruk og sauer. Foto: Privat

– Foreldra mine driv med mjølkekyr og litt sau på garden sin, og planen min på sikt er å ta vare på garden. Då vil eg helst driva med sau, for det er eit dyr eg er veldig glad i.

Men akkurat no er det Porten.no og god dekning i Ytre Sogn som står i fokus.

– Frå midten av september er eg i full sving i fast stilling, så det gler eg meg veldig til, seier ho. 

– Me er veldig nøgde med å få med Vilde på laget. Ho har solid bakgrunn med relevant utdanning og mange års erfaring. Ho vil tilføra mykje til avisa vår og gli rett inn i den unge gjengen i Porten.no, seier redaktør Synne Asheim Haga.

Frå og med tysdag 20. august dekker Porten.no både Indre og Ytre Sogn med ei ny, innovativ løysing, satsinga som fekk 884.000 frå Medietilsynet. 

– Håpar folk set pris på tilbodet

Grimelid Oppedal håpar folk i Ytre Sogn tek godt imot ho og tilbodet på Porten.no. 

– Gulen har ikkje ei fast avis, men fleire aviser som ser innom og skriv litt. Så eg trur at å informera meir om Gulen vil bli bra, og så håpar eg folk set pris på det mangfoldet av informasjon dei no har moglegheita til å få tak i. 

– Korleis var det å flytta heim og få fast jobb så fort?

– Eg hadde jo ikkje sett føre meg at eg skulle få jobba med journalistikk her då, så det var veldig kjekt at eg fekk moglegheita til dette. No blir det spanande å setta seg inn i kva som skjer her, og kva debattar som kjem opp, seier ho.

Til toppen