KLAGEPORTAL: Det er Nynorsk målungdom som står bak portalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLAGEPORTAL: Det er Nynorsk målungdom som står bak portalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ny klageportal for nynorskbrukande studentar

Ein ny klageportal skal gjera det enklare for nynorskbrukande studentar å klaga på dårleg språkoppfølging.

Årdal/Lærdal: Norsk Målungdom står bak opprettinga av den nye portalen.

– Det er viktig å bevisstgjera nynorskbrukarane om at dei har rett til å få eksamen utlevert på eige skriftspråk, seier leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, til studentavisa Studvest.

Trass i at lova er klinkande klar om at alle har rett til å få oppgåver eller eksamen på sitt eige skriftspråk, er det framleis mange nynorskbrukande studentar som opplever at dei ikkje får det dei har krav på.

Sætre seier likevel at det største problemet ikkje alltid er at studentane ikkje får eksamen på nynorsk, men at kvaliteten på omsetjinga er så dårleg at meininga i teksten blir feil. Også dette skal portalen gjera det enklare å klaga på.

– Det er mange som kvir seg for å klaga når ein som nynorskbrukar er i sterkt mindretal på dei fleste universitet og høgskular. Då er det fint å ha ei anonym løysing der vi tek på oss ansvaret å senda inn den formelle klagen, seier Sætre. (©NPK)

Til toppen