Ny klatrepark vart opna i Fjærland

Rektor og ordføraren testa ut den nye klatreparken i Fjærland.

Fjærland: Berre drøye veka etter at den nye klatreparken ved Trudvang skule opna, måtte ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, i elden att.

Denne gongen var det klatreparken i Fjærland ordføraren vart utfordra til å testa ut før han klypte snora og opna parken til ungane si store begeistring. 

Sjå bilete frå opninga av parken i galleriet øvst i artikkelen. 

Med seg til å klyppe snora hadde han varaordførar Laura Kvamme og Trond Eiken frå Sparebankstiftinga. Som i dei andre parkane, er dei eit resultat av eigenkapital frå skulen, gåve frå Sparebankstiftinga og tippemidlar som har betalt for parken.

7. klasse hadde og bakt bollar, og stemninga var upåklageleg sjølv om vêret ikkje var det aller beste.

Til toppen