Leiv Erik Husabø
Leiv Erik Husabø (Foto: Ola Weel Skram )

KORONAVIRUS

Ny koronasmitta i Sogndal søndag. Ti personar er hurtigtesta

To nærkontakter er sette i karantene.

Det er påvist éit nytt smittetilfeller i Sogndal. Det skriv kommunen på sine sider søndag. 

– Personen er sett i isolasjon og to nærkontakter er i karantene, skrivkommunen. 

Også laurdag vart det meldt om ein ny smitta. Denne personen har vore på reise, og er smitta utanfor kommunen. 

Denne personen hadde tre nærkontakrar, og smittesporing er ferdig. 

Ti hurtigtestar

I samband med det siste tilfellet har kommunen utført hurtigtesting på i alt ti personar. 

Alle var negative. 

Smittekjelda til personen er ikkje avklart, smittesporinga held framleis på. 

207 testar

Helse Førde gjennomførte laurdag 207 koronatestar. 

To av desse kom tilbake positivt, meldte dei sjølv søndag morgon. 

Smittetilfellet i Sogndal var blant desse to. I tillega testa ein positivt i Gloppen. 

Til toppen