POSITIV: Pasientar som er mistenkt smitta får ein slik testpinne opp i nasen. Sidan 14. oktober har 12 personar fått positivt utslag på koronavirus i Sogndal.
POSITIV: Pasientar som er mistenkt smitta får ein slik testpinne opp i nasen. Sidan 14. oktober har 12 personar fått positivt utslag på koronavirus i Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ny koronasmitta i Sogndal

Over dobbelt så mange smitta sidan 14. oktober, som i første fase i mars.

Sogndal: Sogndal kommune melder søndag at éin ny person har fått påvist koronasmitte.

– Personen er nyleg komen frå utlandet, og er i innreisekarantene. Personen er isolert, og det er ikkje fare for smitte til andre, skriv dei på eigne heimesider.

Dette er den tolvte positive prøva i Sogndal sidan 14. oktober. Alle har blitt smitta utanfor kommunen, dei fleste i utlandet, eller er nærkontaktar av folk som har testa positivt. Så langt er det ikkje noko som tyder på at smitten har spreidd seg innad i samfunnet.

Til toppen