KORONA: Det andre tilfellet er smitta etter å ha vore i konakt med den første registrerte.
KORONA: Det andre tilfellet er smitta etter å ha vore i konakt med den første registrerte. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Ny koronasmitte i Gulen

Gulen har no to koronasmitta arbeidarar.

GULEN:  Personen er rekna som ein nærkontakt med den første smitta, ein Norva24 Birkeland-tilsett frå Slovakia. 

Det er nok lite fare for vidare smitte, då begge dei smitta har vore i karantene sidan ankomsten. Etter smitta vart kjent, er dei begge satt i isolasjon. 

Den smitta vart testa etter å ha vore i kontakt med den første smitta. 

Gulen kommune melder om smitta på sine sider.

Den nye smitta er ein arbeidsinnvandrar, skriv kommunen.

 – Kan kjenne seg trygge

Avdelingsdirektør på Norva 24, Kenneth Birkeland, sa i samband med det første tilfellet at han var nøgd med at smittevernet fungerte. 

 – Det har fungert 110 prosent. Det er takka vere gode arbeidarar som lyttar og godt arbeid frå HMS-avdelinga og leiinga. Vi har terpa på rutiner og følgt prosedyrene. Det er kjekt å sjå at ting fungerer når uhellet først er ute, seier Birkeland. 

Birkeland understrekte at bygdefolk, tilsette og kundar kan kjenne seg trygge på at det ikkje er fare for spreiing av smitte i samband med dette tilfellet. 

– Dei skal ikkje vere redde for å møte nokon av våre tilsette komande dagar, sa han.

Til toppen