NY KYRKJELOV: Lovforslaget skal legge grunnlaget for eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje, gjennom å overføre ansvar og arbeidsoppgåver frå staten til Kyrkjas eigne organ. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.
NY KYRKJELOV: Lovforslaget skal legge grunnlaget for eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje, gjennom å overføre ansvar og arbeidsoppgåver frå staten til Kyrkjas eigne organ. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.

Ny kyrkjelov klar

Kyrkja overtar arbeidsgjevaransvaret for 1.600 prestar og kyrkjeleg tilsette frå nyttår. Neste steg blir å etablere ein ny finansieringsmodell for alle trus- og livssynssamfunn.

  • Endret

Årdal/Lærdal: – Dette er ein ny milepæl i reformprosessen som vart innleidd med kyrkjeforliket i 2008. Vi lukkar ei dør for ein del av ein 1.000-årig norsk historie når dei tilsette i Kyrkja ikkje lenger vil vere statens tenestemenn, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) til NTB.

Lovforslaget skal legge grunnlaget for eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje, gjennom å overføre ansvar og arbeidsoppgåver frå staten til Kyrkjas eigne organ.

Staten skal inntil vidare finansiere kyrkjeleg verksemd ved rammetilskot over årlege budsjett. I neste periode skal Stortinget avklare framtidig finansiering av dei ulike trus- og livssynssamfunna. Medlemskontingent eller meir sannsynleg framleis statleg og kommunal finansiering, for eksempel gjennom ein eigen livssynsskatt, er to av alternativa. (©NPK)

Til toppen