NY LANGSTENGING: Ved månadsskiftet skal entreprenør Flage Maskin starta opp sjølve drivinga av tunnelen. Det vil føre til ei ny langstenging på vegen til Tyin.
NY LANGSTENGING: Ved månadsskiftet skal entreprenør Flage Maskin starta opp sjølve drivinga av tunnelen. Det vil føre til ei ny langstenging på vegen til Tyin. (Foto: Statens vegvesen)

Ny langstenging i Ljoteli ved månadsskiftet

Vegfarande må på ny smøra seg med tolmod, til gjengjeld er det siste planlagde langstenging.

Årdal: I samband med bygginga av den nye Ljotelitunnelen vil fylkesvegen mellom Øvre Årdal og Tyin bli stengt i tre veker i slutten av januar og byrjinga av februar. Dette skal etter planen vera siste langstenging.

Nøyaktig tidspunkt er ikkje bestemt, men vil bli informert om rundt to veker i forkant, ifølgje opplysningar Årdal kommune har fått frå fylkeskommunen.

Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin vart bygd i 1962. Trass seinare utbetringar, er vegen ofte stengd om vinteren, og partiet ved Ljoteli er utsett for ras. Den nye vegen skal gjera det mindre farleg å køyra her, samt sørga for færre stengingar. I tillegg til tunnelen på 1,1 kilometer skal det byggast rundt 1,2 kilometer med ny veg.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har løyvd 290 millionar kroner til prosjektet, som frå årskiftet vart teke over av Vestland fylkeskommune.

Til toppen