UNIFORMERT: Etter at kravet om uniformerte legevaktbilar kom har Lærdal fått på plass sin bil. Dette vil gjera jobben enklare, seier Henrik Hartman-Thim. Foto: Eivind M. Øren.
UNIFORMERT: Etter at kravet om uniformerte legevaktbilar kom har Lærdal fått på plass sin bil. Dette vil gjera jobben enklare, seier Henrik Hartman-Thim. Foto: Eivind M. Øren.

Ny legevaktbil på plass i Lærdal

Onsdag fekk helsesenteret i Lærdal endeleg levert den nye legevaktbilen dei har venta på.

  • Endret

Den nye legevaktbilen som legevakttenesta har fått blir den første merka bilen. Bilen var sett i stand og frakta av Indre Sogn Bil og skal fungera som utrykningsbil for den interkommunale legevaktordninga.

Bilen er leasa gjennom ein avtale som Årdal og Lærdal har med selskapet Autoplan og er levert av Indre Sogn Bil.

Dei tok seg av jobben med å foliere bilen og sette på teksten, og representant Asle Moen vart med til Lærdal for å overlevere og gje ei innføring i oppsettet av dei tekniske hjelpemidla til bilen.

Modellen er ein Peugot 4008 og erstattar ein svart VolksWagen Golf som til no har fungert som utrykningsbil, men som grunna problem med leasingavtalen blei for dyr å behalde.

Forenklar jobben

NØGD: Lege Henrik Hartman-Thim.
NØGD: Lege Henrik Hartman-Thim.

Byttet var også naudsynt grunna nye reglar som krev at utrykningskøyretøya til legevakttenestene skal vere uniformerte, noko helsesenteret i Lærdal no er førebudde på.

– Det vert definitivt lettare å komme seg fram no, seier Henrik Hartman-Thim, lege ved Lærdal Helsesenter.

– Den førre bilen gjorde jobben greitt, men utsjånaden gjorde at ein ikkje vart lagt merke til i det heile når ein var på uttrykning, noko som då kunne gjere det vanskeleg å komme seg til pasienten dersom det var mykje trafikk.

– Me har ikkje status som utrykningskøyretøy på same måte som ambulanse og politi, så me må retta oss etter trafikkreglane når me køyrer, men no som me har uniformert bil vert folk kanskje meir oppmerksamme på oss og slepp oss forbi så me kjem litt fortare fram når me er på utrykning.

Bilen vert tatt i bruk med ein gong, og Henrik har fyrste vakta med det nye, uniformerte køyretøyet. Han får då æra av å vie inn køyretøyet, men vert også nøydd til å vere den som set opp det tekniske, som å kople opp telefon og sette opp radio- og musikkinstillingar, noko dei fleste nye bileigarar veit at ofte kan vere lettare sagt enn gjort.

Heldigvis er det framleis nokre dagar att før helga tek til, og Henrik kan ta bilen med seg heimatt for å gjere seg klar til si fyrste helg som legevakt i den nye bilen.

Til toppen