Vestland: – Eg er svært glad for å vera vald som ny styreleiar i IT-Forum Vest. Det er ein organisasjon for dei som vil noko, og som ønskjer å bidra, seier Christiane Ulriksen, Enivest i ei pressemelding.
Sidan ho starta i Enivest i 2015 har ho opplevd IT-Forum som ein viktig møteplass for nettverksbygging og erfaringsutvikling.
– Eg meiner at det gode samarbeidet mellom næringsliv, offentleg sektor og akademia er ein viktig grunn til at IT-Forum Sogn og Fjordane har lukkast, og at IT-Forum Vest kjem til å lukkast framover, seier ho.
Endringa av IT-Forum Sogn og Fjordane til IT Forum Vest i fjor var ein vitktig milepæl. Hovudsatsingsområda er breiband, velferdsteknologi, oppvekst og utdanning, og digitalisering.
Ho har vore styremedlem i 3 år, og sidan stiftinga av IT-Forum Vest har ho bidrege som nestleiar.
Frode Kyrkjebø, KS Vest-Norge vart vald til nestleiar i IT-Forum Vest, og ser fram til å halde fram arbeidet i foreininga.
Vidare i pressemeldinga står det at dei andre styremedlemmane i IT-forum Vest er Nils Erling Yndesdal, Fylkesmannen i Vestland, Reiel Haugland, Sparebanken Sogn og Fjordane, Paal Fosdal, Vestland fylkes-kommune, Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane næringsråd og Geir Anton Johansen, Høgskulen på Vestlandet.