BARNEHAGE: Regjeringa har lagt fram eit lovforslag som utvidar retten til barnehageplass for barn født i september og oktober. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
BARNEHAGE: Regjeringa har lagt fram eit lovforslag som utvidar retten til barnehageplass for barn født i september og oktober. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Ny lovendring skal gi fleire barnehageplassar

Regjeringa har lagt fram eit lovforslag som utvidar retten til barnehageplass for barn født i september og oktober. Regjeringa meiner at det vil gi 9.600 fleire barn rett til plass allereie frå hausten.

Indre Sogn: I dag er det berre barn født innan 31. august som har rett til barnehageplass innan august det året barnet fyller eitt år. Barn født seinare på hausten risikerer å ikkje få barnehageplass før dei er nærmare to år gamle.

Det er dette regjeringa ønskjer å endre på med det nye lovforslaget.

– Vi føreslår også at kommunane kan velje å tilby plass allereie i august for dei barna som er født i september eller oktober. Då blir det opp til foreldra om dei ønskjer plass frå august, eller om dei vil vente til den månaden barnet fyller eitt år, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Tilbake i mars sa dei folkevalde i Årdal ja til desse endringane då dei handsama vedtektsendringane i barnehagane. 

Regjeringa vil også styrke tilbodet til barn med særlege behov, og sørgje for at dei får tydelegare rettar. Det inneber blant anna at eit barn som flyttar til ein annan kommune skal sleppe avbrot i hjelpetilbodet fordi vedtaket i fråflyttingskommunen skal gjelde for barnet i den nye kommunen inntil eit nytt vedtak er gjort.

Saksbehandlingstida på slike vedtak varierer frå kommune til kommune og kan kome opp i eit heilt år. Dette ønskjer regjeringa å unngå.

Det nye lovforslaget vil også gi Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) plikt til å hjelpe barnehagane med kompetanse- og organisasjonsutvikling. I dag gjeld plikta berre for skular. (©NPK)

Til toppen