Sogndal: Heile 37 spreke kvinner og menn trassa det sure vêret og sprang Nuken opp og neatte i går.
– Det var litt fleire i fjor, men då var vêret òg betre, seier dagleg leiar for Fjellsportfestivalen Stian Hofslundsengen.
Det er tredje året på rad at Fjellsportfestivalen arrangerer det lokale uavhengige motbakkeløpet.
– Trur du vêret spelar inn på oppmøtet?
– Absolutt. Det er veldig mange påmeldingar på sjølve dagen. Dei fleste kjem dagen før eller på dagen. Det er litt vanskelig å planlegge sånn sett, seier han.
Les òg: – Det var godt å klatre heilt opp i år
Eit løp for alle
Fjellsportfestival-leiaren vurderte ikkje å springa løpet på tid sjølv. For han var det å merka opp løypa nok. Hofslundsengen skulle uansett sett at det var fleire som deltok i mosjonsklassen.
– Det er mykje elite som spring, men me vil at dette skal vera eit løp for alle. Me har ein mosjonsklasse og eg trur at viss det var strålande vêr kunne nokre fleire ha meldt seg på der, seier arrangøren.
I barneklassen var det ti påmelde. Denne versjonen gjekk riktig nok ikkje heilt opp til Nuken.
– Den kortaste versjonen går til Loftesnes og tilbake. Eg trur den yngste deltakaren var fem-seks år. Det var eit klistermerkeløp, med åtte spørsmålspostar, fortel Hofslundsengen og legg til at dei yngste òg hadde anledning til å gå ein lengre tur om ønskeleg.
Resultatene
Det var mest lokale som deltok i løpet. Under kan du sjå dei tre medlajevinnarane i kvar klasse.
Menn:
1. Kristoffer Haugen - 1:29:53 (ny løperekord)
2. Øyvind Holsen Foss - 1:34:18 (+4:25)
3. Ivar Garpestad - 1:35:57 (+6:04)
Her finn du heile resultatlista.
Kvinner:
1. Sunniva Skuset - 1:57:19
2. Mari Liseth Fimreite - 2:04:01 (+6:42)
3. Elise Elvehøy - 2:07:10 (+9:51)