Årdal: – To av dei store namna me har fått med oss er Dagny og Arif, seier den ferske festivalsjefen.
Dei reknar med å ha til saman 9-10 artistar som dei vil offentleggjera utover våren. Dei har nådd ut til ungdommen for å finna ut kva dei høyrer på.

– Me er veldig glade for å ha fått med oss desse. Dagny er retta mot både ungdommar og vaksne, og Arif er ein av dei store artistane for ungdommar i dag, seier han.
Fått med unge krefter
Like før nyttår var det litt uvisse kven som skulle styre Målrock-skuta vidare, men no er dei altså på stø kurs mot ein ny festival.
– I midten av januar hadde me eit møte med dei gamle som har drive det, og nye unge personar, og alle møtte opp. Alle kjem til å bidra, seier Øvstetun.
Dei nye er Erlend Hundshammer Moen, som skal jobba med marknadsføring, Sander Bjørkum Øvstetun, som skal jobba med digital marknadsføring, og Jenny Holsæter, som er bookingansvarleg.
– Dei er me umåteleg stolte over å ha fått med oss. Det handlar om å få nye folk inn i festivalleiinga, og det er eg glad me har fått, seier han.

Viktig for Årdal
Sjølv om dei ikkje kom i gang skikkelig før etter nyttår trur festivalsjefen at dei er i rute.
– Me har sjølvsagt litt dårlegare tid, og me må jobba fortare, seier Øvstetun, som er heilt fersk i rolla.
Då er det godt at dei erfarne kreftene er med å bidra, om enn i mindre omfang enn før.
– Det som var litt problemet var at dei hadde for mykje å gjera. So dei er framleis med på eit litt avgrensa område, og me har fordelt arbeidet litt meir, seier han.
Festivalen vil gå av stabelen andre helga i august, og om alt går etter planen so vil billettsalet starta neste veke. Festivalsjefen trur dei skal få på plass eit solid opplegg.
– So lenge du har med dyktige folk, som er nysgjerrige og ivrige så går det bra. Festivalen er viktig for Årdal og for musikkinteresserte, seier han.