NØGDE: Det nye studiet kombinerer ei naturfagleg kunnskap om klimaendringar med plankompetanse og samfunnsvitskap, og er unikt i nordisk samanheng. Foto: Idun A. Husabø
NØGDE: Det nye studiet kombinerer ei naturfagleg kunnskap om klimaendringar med plankompetanse og samfunnsvitskap, og er unikt i nordisk samanheng. Foto: Idun A. Husabø

Ny master i medvind

62 studentar har søkt på Master i Climate Change Management. Samtidig er fagekspertisen utvida med ein snøskredekspert og ein professor i issmelting.

Sogndal: Då søknadsfristen gjekk ut 15. mai, hadde 62 studentar søkt påmasterprogrammet Climate Change Management, som startar opp hausten 2016. 

Det nye studiet kombinerer ei naturfagleg kunnskap om klimaendringar med plankompetanse og samfunnsvitskap, og er unikt i nordisk samanheng, skriv Høgskulen i Sogn og Fjordane på sine heimesider

34 av søkjarane er i dag studentar ved høgskulen. Halvparten av dei kjem frå fornybar energi, og resten frå andre fag ved Avdeling for ingeniør- og naturfag (AIN). Blant dei som har søkt om opptak, er det òg tidlegare landskapsstudentar. Ti av dei som har søkt er utanlandske.

– Vi gler oss over at så mange har søkt sjølv om vi ikkje har marknadsført studiet så aktivt. Det er òg gledeleg at så mange av søkjarane har kjernekompetansen som skal til, seier dekan Stein Joar Hegland ved AIN. Masteren har 20 studieplassar, men ettersom mange har søkt fleire stader, er det aktuelt å tilby rundt 30 personar ein studieplass.

Gåve på 1 million

Høgskulen kunngjorde i dag at dei har mottatt ei gåve på oppunder 1 million kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane, gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, for å utvide masteren med fagkompetanse på snøskred.

– Det som er fint, er at gåva har utløyst andre løyvingar. Vi er takksame over å ha ein bank som støttar opp under gode tiltak i fylket, sa Stein Joar Hegland på ei markering for dei tilsette.

– Eg er overtydd om at Sogn og Fjordane har bruk for kompetansen som kjem ut av utdanninga, sa Leif Arne Bakke frå Sparebanken Sogn og Fjordane, som tykte det var ekstra kjekt å få vite at gåva deira har utløyst andre løyvingar som styrkar masterudanninga.

Tilset snøskredekspert

Sjølv om HiSF har sterk fagkompetanse på geologi, hadde AIN bruk for ein ekspert på snøskred til masterutdanninga i Climate Change Management. Bankgåva går nettopp til dette – ei eiga 20 prosents stilling i snøskred over dei neste tre åra. Mannen som fyller stillinga, er danske Kalle Kronholm, som er busett på Ål i Hallingdal og driv konsulentfirmaet Skred AS.

Kronholm brenn for å lære bort eit sett med enkle prinsipp for å vurdere snøskredfare, som eigentleg er ei svært samansett sak.

– Det er jo ikkje framtidige forskarar vi skal utdanne – dei fleste skal ta med seg kunnskapen ut i yrkeslivet, kanskje som planleggarar, seier Kronholm. Han er i gang med å utvikle masterkurset i snøskred, som blir særleg matnyttig for framtidige planleggarar i område med bratt terreng.

– Når det gjeld snøskred, kan vi alt merke endringar i middels høgareliggande område, som Lærdalsdalen. Snøskreda blir våtare fordi det er mildare. Dessutan går dei hyppigare, seier Kronholm.

Professor i is- og snøsmelting

At høgskulen får meir økonomisk armslag, gjer òg at dei har kunne tilsetje ein annan danske med spesialkompetanse som trengst i masterutdanninga.

– Det eg har forska på, er korleis klimaendringane verkar inn på snø- og issmeltinga på Grønland og i Arktis, men òg på korleis havnivået stig som følgje av denne smeltinga, forklarar Sebastian Mernild. Den nytilsette professoren har hatt lange opphald på Grønland, men har òg arbeidd fleire år i Alaska, i New Mexico i USA og i Chile – der nedsmeltinga av breane er eit stort trugsmål mot storbyane langs stillehavskysten.

Mernild er tilsett som professor for eitt år, og vil eventuelt få ei fast stilling dersom det let seg finansiere.

Til toppen