SATSAR SJØLV: Unni Ynnesdal er klar til å prøva seg som butikkeigar, etter å ha jobba i klesbransjen i fleirfaldige år. Torsdag opna ho motebutikken Lauv på AMFI Sogningen.
SATSAR SJØLV: Unni Ynnesdal er klar til å prøva seg som butikkeigar, etter å ha jobba i klesbransjen i fleirfaldige år. Torsdag opna ho motebutikken Lauv på AMFI Sogningen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ny motebutikk opna dørene i Sogndal

Ho har jobba med kle store delar av yrkeslivet. No opnar ho for første gong sin eigen butikk.

Sogndal: Torsdag kunne Unni Ynnesdal endeleg invitera dei første handlande kundane innom det nye tilskotet på kjøpesenteret i Sogndal. Heile januar gjekk med til å pussa opp og gjera klar butikken. 

– Det er veldig kjekt å endeleg komma i mål med opninga. No berre gler eg meg til fortsettinga, seier Unni Ynnesdal, som kjem frå Gulen, men har budd i Sogndal dei siste 15 åra.

SPLITTER NY: Etter veker med oppussing, var det godt å endeleg kunne ønska kundane velkomne.  Foto: Halvor Farsund Storvik

Følte ho måtte gripa sjansen 

Den nye butikken har fått namnet Lauv. Her sel ho motekle for både damer og herrer. Ynnesdal seier ho satsar på kjende og gode merke, med høg kvalitet.

For å bevara eksklusiviteten, blir det få eksemplar av kvart plagg.

– Eg har jobba i klesbutikk i ganske mange av åra eg har budd i Sogndal og har alltid hatt ein lidenskap for kle og mote. Eg hadde lyst til skapa noko eige og når sjansen kom, så måtte eg berre gripa han, seier Unni Ynnesdal. 

Nervøs, men optimistisk for framtida

Det er ein overgang å gå frå å vera lønsmottakar, til å skulle skapa si eiga inntekt.

Ynnesdal innrømmer at det er ein del tankar som surrar i hovudet, men at optimismen likevel er stor.

– Eg skal gje alt og har masse planar og idear for butikken. Dette er ein butikk som Sogndal treng og eg har òg fått veldig mange gode tilbakemeldingar sidan eg opna, seier Ynnesdal.

Til toppen