NY NETTSTAD: Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane lanserer nettstaden forfattar.sfj.no. Til markeringa i Sogndal kjem Ove Eide, mannen med kanskje mest inngåande kjennskap til litteraturen i Sogn og Fjordane. Foto: Selja Forlag.
NY NETTSTAD: Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane lanserer nettstaden forfattar.sfj.no. Til markeringa i Sogndal kjem Ove Eide, mannen med kanskje mest inngåande kjennskap til litteraturen i Sogn og Fjordane. Foto: Selja Forlag.

Ny netteneste skal gi kjennskap til forfattarar med tilknyting til fylket

Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane lanserer nettstaden forfattar.sfj.no. 

Sogndal: Denne nye tenesta skal gi eit oversyn over forfattarskap og samtidslitteraturen i fylket og er eit viktig bidrag for å styrke opplysningar og kunnskap om lokale forfattarar, litteratur, kultur og historie frå Sogn og Fjordane.

Fredag skal det heile markerast og lanserast på Sogndal bibliotek. Dit kjem Ove Eidi for å presentere sitt framlegg til ein litterær kanon for Sogn og Fjordane.

Litterær kanon

– Ein litterær kanon for Sogn og Fjordane er ei liste med forfattarnamn og bøker som alle i fylket bør kjenne til – og lese, seier Eide i ei pressemelding. 

– Det er mange litterære perler i historia vår – med skildringar av liv og levemåtar, konfliktar og fellesskap, verdiar som er truga og haldningar me kjenner oss att i. Denne litterære arven er ein del av identiteten i fylket vårt, påpeikar Eide.

Han er kanskje den i fylket som har mest inngåande kjennskap til litteraturen i Sogn og Fjordane.

Tilgjengeleg

Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen fortel at prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket, og at løysinga er basert på ei open og fri tilgjengeleg publiseringsplattform som gjer at andre kan ta den i bruk. 

– For oss har det vore eit viktig premiss at tenesta skulle kunne overførast til andre. Forhåpentlegvis vil tenesta vere eit nyttig bidrag til andre fylke eller regionar som har same behov og ønskjer å bygge eigne forfattarportalar, seier Ingvaldsen.

Til toppen