PRISAUKE: Med nye avgiftsreglar har bensinprisen i Noreg nådd sitt høgaste nivå nokonsinne. Foto: Jan Christian Jerving/Arkiv.
PRISAUKE: Med nye avgiftsreglar har bensinprisen i Noreg nådd sitt høgaste nivå nokonsinne. Foto: Jan Christian Jerving/Arkiv.

Ny norsk prisrekord på bensin

Med nye avgiftsreglar har bensinprisen i Noreg nådd sitt høgaste nivå nokonsinne. 

Indre Sogn: Biletet viser prisforskjellen, i dette tilfellet ved Esso-stasjonen i Lærdal, måndag morgon og nokre timar seinare same dag.

Prisane er påverka av at avgiftene auka med 34 øre for bensin og 55 øre for diesel frå og med søndag 1. januar. 

– I prinsippet går kvart øre av avgiftene 100 prosent til staten. Det er ikkje påslag frå stasjonane si side, seier distriktssjef i Esso Sven-Arne Nyegaarden til Porten.no.

Konkurranse

Han understrekar samstundes at det ikkje er Esso som fastset utsalsprisane. Det er det opp til stasjonane sjølve å gjere, og då kjem dette med konkurranse også inn i biletet.

– I alle år har det eksistert ein form for priskrig, der stasjonane følgjer med på kvarandre og set prisane ut frå det. Dette kan variere av ulike årsaker, og her påverkar også forholda prisen, seier han.

– Kombinasjonen av avgiftsauke, som går til staten, og at ein alltid har hatt priskrig, dannar grunnlaget. 

Frp får kritikk

Avgiftsauken har ført til krasse reaksjonar blant mange av bilistane som meiner drivstoffprisen er altfor høg. Spesielt har Framstegspartiet, som reknar seg sjølve som bilistane sitt parti, fått mykje kritikk.

– Framstegspartiet har alltid vore og skal framleis vera bilistane sitt parti. Medan fleirtalet av dei andre partia vil auke avgiftene for bilistane, har me stått knallhardt på regjeringa si såkalla bilpakke. Den inneberer at drivstoffavgiftene aukar noko mot at bilistane vert kompensert med øvrige skatte- og avgiftskutt, skriv finansminister Siv Jensen (Frp) i ein e-post til E24

Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Marianne Marthinsen, seier til E24 at Frp-veljarane har grunn til å føle seg lurt. 

– Dette er berre eitt av døma på at regjeringstaburettar er blitt viktigare for Frp enn å halde løftene overfor bilistane, seier ho. 

Til toppen