NY REDAKTØR: Terje Gilleshammer (38) frå Kjølsdalen i Eid er tilsett som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.​ Foto: NRK. 
NY REDAKTØR: Terje Gilleshammer (38) frå Kjølsdalen i Eid er tilsett som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.​ Foto: NRK. 

Ny NRK-redaktør i vest

Terje Gilleshammer (38) frå Kjølsdalen i Eid er tilsett som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

Gilleshammer har vore tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan desember 2004, han er utdanna i internasjonal marknadsføring frå Høgskulen i Ålesund, har studert ved Bangkok University i Thailand og arbeidd for lakseeksportøren Coast Seafood i Måløy.

I NRK Sogn og Fjordane har Gilleshammer vore journalist, vaktsjef og prosjektleiar for barne-tv. I to år har han også vore faglærar for NRK Nynorsk mediesenter.

Terje Gilleshammer går inn i stillinga som distriktsredaktør 1. september. (©NPK)

Til toppen