NY OVERSIKT: Det er registrert seks bjørnekull og 65 jervekull i Noreg, viser den siste bestandsoversikta frå Rovdyrdata. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen​.
NY OVERSIKT: Det er registrert seks bjørnekull og 65 jervekull i Noreg, viser den siste bestandsoversikta frå Rovdyrdata. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen​.

Ny oversikt over rovdyrkulla i Norge

Det er registrert seks bjørnekull og 65 jervekull i Noreg, viser den siste bestandsoversikta frå Rovdyrdata.

Sogn: Oversikta leverer dei til Miljødirektoratet 15. mai kvart år. Det viktigaste formålet med rapporteringa er å vise kor mange ungekull av dei ulike artene som er fødde i Noreg.

Det blei altså påvist 65 jervekull i Noreg i overvakingsperioden – 26 kull over det nasjonale bestandsmålet. 17 av kulla blei i våren felt under såkalla ekstraordinære tiltak, opplyser  Rovdata.

Det er estimert at det blei født snautt seks kull med bjørnungar i Norge i 2015, godt under det nasjonale bestandsmålet på tretten.

For gaupa har Stortinget bestemt at bestandsmålet skal liggje på 65 årlege familiegrupper før jakt. I fjor vinter blei det registrert 60 og ein halv slik gruppe. Gruppene består av ein morsgaupe og ein eller fleire årsungar.

Som tidlegare kjent viste den førebelse statusrapporten for ulveovervakinga at det var dokumentert seks eller sju ulvekull i heilnorske revir i 2015. Bestandsmålet ligg på tre årlege ulvekull. Den endelege statusrapporten for ulvebestanden i Noreg, Sverige og Finland blir presentert om kort tid. (©NPK)

Til toppen