Ny person smitta i Årdal
(Foto: Arkiv)

Ny person smitta i Årdal

Smittesporing pågår framleis, melder kommunen.

Årdal kommune har i ettermiddag fått varsel om ein ny person som er smitta av Covid-19. 

Det kjem ut i ei pressemelding frå kommunen. 

– Det er eit tilfelle som me har fått meldt ved ankomst Noreg, frå Gardemoen. Vedkommande er i isolasjon heime, seier lokal smittevernlege Bjarte Hove. 

Smittevegar er kjende, nærkontaktar er sett i karantene og vil bli testa i dag.

Meiner å ha kontroll

– Svara på dei prøvene vil avgjere om me må gå vidare med dette, men me meinar me har det me treng og har funne alle, seier han. 

Smittesporing pågår fortsatt, men Hove både håpar og trur dei har kontroll på situasjonen. 

– Me meiner det er liten sannsynleg at det vert spreidd utover i bygda, så forhåpentlegvis blir det med den eine. 

Til toppen