Høyanger kommune melder fredag om eit nytt smittetilfelle av koronaviruset.
Høyanger kommune melder fredag om eit nytt smittetilfelle av koronaviruset. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Ny person smitta i Høyanger

Til saman er no to personar i kommunen smitta av koronaviruset.

Høyanger: Det andre smittetilfellet av koronaviruset er no oppdaga i Høyanger, melder kommunen på heimesida fredag. 

Det første smittetilfellet vart oppdaga måndag og fleire har blitt testa etter dette. Elleve vart sette i karantene som følgje av at den smitta hadde vore på jobb.

Dei to smitta er forbunde med kvarandre og dei er sett i heimeisolasjon, skriv kommunen. 

Ifølgje ordførar Petter Sortland (Ap) har begge dei to smitta det bra. 

– Dei har milde symptom med at dei er litt tungpusta og hostar og harkar litt, så typiske forkjølingssymptom, seier han. 

Ventar på fleire prøvesvar

Torsdag rapporterte kommunen om at ni personar hadde blitt testa. 

Helse Førde melder no at prøvesvar tek to dagar. Kommunen skriv at den gjer alt den kan for å hindre og førebyggje smitte. 

– Vi ventar på fleire prøvesvar, men det tek no litt lengre tid, seier Sortland. 

Kommunen har sett opp ein provisorisk luftvegsklinikk og eit prøvetelt ved NAV i Elvegata 22, men dette har ikkje vore mykje i bruk førebels. 

– Teltet vil bli ståande. Det har vore litt i bruk og det kan bli eit viktig supplement dersom fleire blir smitta seinare, seier Sortland.

Til toppen