POSITIV: Ny person er stadfesta smitta i Sogndal.
POSITIV: Ny person er stadfesta smitta i Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Ny person smitta i Sogndal

Hadde vore på besøk på Austlandet.

Sogndal: Måndag melder Sogndal kommune at det i løpet av helga er kome ein ny positiv koronavirusprøve. Dette er den nittande positive prøva i Sogndal sidan mars, den tredje i november.

– Personen har vore i karantene nokre dagar etter kontakt med smitte på Austlandet. Ingen andre har vore utsette for smittefare her i kommunen, skriv kommunen i ei oppdatering på eigne heimesider.

I løpet av helga har det óg kome mange negative prøvesvar frå personar som har vore i karantene, skriv kommunen. Før helga vart det kjent at ein tilsett i helsetenesta hadde fått påvist korona. Den smitta hadde vore i kontakt med ein pasient.

Til toppen