FÆRRE UP-DISTRIKT: I tråd med omlegginga til ein heilt ny politistruktur med langt færre politidistrikt, blir talet på UP-distrikt redusert frå ni til fem. 
FÆRRE UP-DISTRIKT: I tråd med omlegginga til ein heilt ny politistruktur med langt færre politidistrikt, blir talet på UP-distrikt redusert frå ni til fem. 

Ny politistruktur gir færre UP-distrikt

I tråd med omlegginga til ein heilt ny politistruktur med langt færre politidistrikt, blir talet på UP-distrikt redusert frå ni til fem.

Årdal/Lærdal: Når nærpolitireforma trer i kraft 1. januar, blir 27 politidistrikt til 12. Utrykkingspolitiet har i dialog med Politidirektoratet vedteke å tilpasse UP-distrikta til den nye politistrukturen, opplyser politiet på sine nettsider.

Distrikt 1 dekkjer dei nye Aust og Innland politidistrikta og skal leiast av politioverbetjent Stein-Olaf Røberg.

Distrikt 2 dekkjer Agder og Sør-Aust politidistrikt og blir leidd av politioverbetjent Andreas Rødø.

Distrikt 3 dekkjer Sør-Vest og Vest politidistrikt og blir leidd av politioverbetjent Terje Oksnes.

Distrikt 4 dekkjer dei nye politidistrikta Møre og Romsdal og Trøndelag og skal leiast av politioverbetjent Per Einar Hollum.

Distrikt 5 skal dekke dei tre politidistrikta Nordland, Troms og Finnmark og skal leiast av politioverbetjent Geir H. Marthinsen. (©NPK)

Til toppen