MODIG: Andrea Voll Voldum har på to veker vorte tildelt to prisar etter at ho i sommar gjekk ut med si historie der tre menn i lagmannsretten blei frifunne for å ha valdteke henne. Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand
MODIG: Andrea Voll Voldum har på to veker vorte tildelt to prisar etter at ho i sommar gjekk ut med si historie der tre menn i lagmannsretten blei frifunne for å ha valdteke henne. Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand

Ny pris til Andrea

Andrea Voll Voldum (21) frå Lærdal er tildelt Astrid Gunnestads minnepris. Ho blir dermed den aller første vinnaren av prisen i regi av bladet Tara.

Lærdal/Oslo: – Det er faktisk ei stor ære å vinna denne prisen, og det betyr mykje for meg, spesielt då eg såg alle dei flotte damene som var nominerte saman med meg, sier Voldum til bladet Tara.

Ho vart med det den aller første vinnaren av Astrid Gunnestads minnepris under Tara si kåring av Årets modigste kvinne 2016. 

Les også: Andrea fekk Jenteprisen

Les også: Ho har skapt enorm debatt med valdtektshistoria si

– Ei lågmælt stemme kan også ha mykje krut i seg

Juryen beståande av Karita Bekkemellem, Mari Maurstad og Tara sin sjefredaktør Torunn Pettersen, la vekt på motet Voldum har vist ved å vera ei stemme for kvinner sin rettsstryggleik.

– Det er lang veg mellom Astrid Gunnestad si rungande røyst til vinnaren av hennar minnepris. Men ei lågmælt stemme kan også ha mykje krut i seg. Det er vinnaren av denne minneprisen eit prov på. Ho har stått opp – heilt alene – i ei særs vond og vanskeleg sak, seier Tara sin sjefredaktør Torunn Pettersen.

Gunnestad var redaktør og journalist og dei siste åra mest kjend som «sjefsmegge» i P4-programmet «Oss megger imellom». Ho døydde i mai i år, 77 år gamal.

Vinnaren av hovudprisen i kåringa av Årets modigste kvinne 2016, vart Ada Sofie Austegard (52), leiar for Stine Sofies Stiftelse.

Til toppen