KLIMAPRIS: ShoeSaver UB frå Årdal vidaregåande skule skal setje ein stoppar for gjørmete sko og har sikra seg årets klima- og miljøpris for produktet sitt.​ Hans Skogli, Anders Lereng og Ørjan Sunde Vik syner fram produktet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLIMAPRIS: ShoeSaver UB frå Årdal vidaregåande skule skal setje ein stoppar for gjørmete sko og har sikra seg årets klima- og miljøpris for produktet sitt.​ Hans Skogli, Anders Lereng og Ørjan Sunde Vik syner fram produktet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ny pris til ungdomsbedrifta frå Årdal

ShoeSaver UB frå Årdal vidaregåande skule skal setje ein stoppar for gjørmete sko og har sikra seg årets klima- og miljøpris for produktet sitt.

Då Eivind Husabø og Holger Aasen i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane vitja bedrifta for å førebu dei til NM, fekk dei unge entreprenørane ei ny utmerking – klima- og miljøprisen for ungdomsbedrifter.

Prisen er del av samarbeidet mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Ungt Entreprenørskap.

– ShoeSaver UB viser at dei har ei bevisst haldning til klimaet, og at dei tek omsyn til det, gjennom måten dei ser føre seg bruk og ikkje minst avfallshandtering av produktet sitt. Me ønskjer å premiere bedrifter som gjennom innovative idear og nye løysingar kan bidra til eit betre miljø, seier klimarådgjevar i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal.

ShoeSaver UB blei beste ungdomsbedrift på fylkesmessa for elev- og ungdomsbedrifter i Førde 14. mars. Dei skal dermed representere Sogn og Fjordane på norgesmeisterskapen for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 4. og 5. mai.

Produktet deira er ein plastsko med sole som kan nyttast på festivalar og liknande for å beskytta sko og hindre slitasje på dei.

ShoeSaver seier dette om produktet sitt:

  • Det vil kunne redusere bruken av «blåposar» på sjukehus og blant nyopererte, då produktet er meir slitesterkt enn «blåposar». Den totale plastbruken vil kunne gå ned.
  • ShoeSaver har eiga panteordning. For å hindre at produktet hamnar i naturen etter bruk vil det bli etablert pantestasjonar på ulike arrangement. I tillegg vil ein kunne returnere produktet via post. Kunden vil på 25 prosent avslag på neste kjøp dersom han eller ho nyttar seg av returordninga.
  • Etter kvart som verksemda blir større og forbetrar økonomien, satsar dei på å nytte resirkulert plast til produksjon av produktet. Dei ynskjer også å velje produsent ut frå kven som kan tilby mest klimavenleg produkt.
  • ShoeSaver følgjer med på nyvinningar innanfor plastproduksjon og ynskjer til dømes å nytte nedbrytbar plast, og plast som kan nyttast som fiskefor i kontakt med saltvatn.
Til toppen