Årdal/Aurland: Statens Havarikommisjon for Transport har granska 15 ulukker med trailarar som har tranportert krokkonteinarar, der ein av dei er ulukka i Aurland 12.desember 2014.
Ein lastebil køyrde av vegen og hamna i fjorden på E16 ved Kvitt mellom Aurland og Flåm. 28 år gamle Steffan Lunde frå Årdal køyrde lastebilen og omkom. Temarapporten som granskinga frå Havarikommisjonen har munna ut i avdekkar at konteineren på lastebilen etter alt å døma losna og drog bilen av vegen i ein sving.
Har sett inn fleire tiltak
Undersøkjingar av låsemekanismen synte tydeleg slitasje på låseklaffen som skal halda konteineren på plass, noko som igjen førde til at konteineren losna, går det fram av rapporten.
Føraren køyrde for Sunde Resirk. Dei har i ettertid ettermontert innvendig mekanisk låsing, i tillegg til den fabrikkmonterte låsemekanismen.
– Me har sett inn fleire tiltak for å hindra at noko liknande skal skje att. Men eg har ikkje fått lese Havarikommisjonen sin rapport og kan difor ikkje kommentera den nærare, seier styreleiar Jens Vidar Sunde i Sunde Resirk til Bergens Tidende, som først omtalte saka.