ARBEIDSPLASSAR: Fylkesdirektør for næring Jan Heggheim fortel at me skapar for få arbeidsplassar i privat sektor. Arkivfoto. 
ARBEIDSPLASSAR: Fylkesdirektør for næring Jan Heggheim fortel at me skapar for få arbeidsplassar i privat sektor. Arkivfoto.  (Foto: Arkiv)

Ny rapport syner svak vekst 

På vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune har Telemarksforsking utført ein regional analyse for 2015.

Årdal/Lærdal: Analysen syner om det er utvikling i befolkning, arbeidsplassar, næringsutvikling og attraktivitet i Sogn og Fjordane.

Knut S. Vareide frå Telemarksforsking presenterte funna under eit ope arrangement i Førde 3 februar.

Skapar få arbeidsplassar

 Ifølge analysen har Sogn og Fjordane ein vekst på 320 arbeidsplassar frå 2013 til 2014, alle i offentleg sektor.

- Me skapar for få arbeidsplassar i privat sektor, seier fylkesdirektør for næring Jan Heggheim. Målet i verdiskapingsplanen er 500 nye arbeidsplassar i året.

Uheldig næringsstruktur og svak befolkningsvekst sidan 2008 kan vere med på å gje svak arbeidsplassutvikling i næringslivet, ifølge Telemarksforskinga

- Arbeidsplassutviklinga i basisnæringane, primærnæringane, industri, IKT og tekniske tenester har gått meir tilbake i Sogn og Fjordane enn elles i landet. Det forklarar mykje den manglande veksten i fylket, seier Heggheim.

Regionane Nordfjord og Sogn har mest tilbakegang, Sogn har hatt heile 5 prosent nedgang i arbeidsplassar i næringslivet, sidan 2009.

Analysen viser likevel at Sogn og Fjordane er sjette beste fylke på lønsemd i næringslivet. Fylket har høg verdiskaping per tilsett, grunna arbeidsplassar i bransjar med høg produktivitet. Verdiskapinga per tilsett er på 649 000 kr i 2014. 

Svak befolkningsvekst

Saman med Nordland og Finnmark er Sogn og Fjordane det fylket med svakast befolkningsvekst.

Indikatorar tyder likevel på forsiktig vekst i arbeidsplassar og folketal vidare. Dette vil vere avhengig av strukturell utvikling, men også fylket sin attraktivitet som bustad og næringsfylke, syner rapporten.

Til toppen