RAPPORT: Den omfattande kvalitetssikringsrapporten til regjeringa seier at Hemsedalsfjellet bør prioriterast før Hardangervidda, men før ein set i gang med nokon av prosjekta, bør ein sjå nærare på Hordalandsdiagonalen, er konklusjonen. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).
RAPPORT: Den omfattande kvalitetssikringsrapporten til regjeringa seier at Hemsedalsfjellet bør prioriterast før Hardangervidda, men før ein set i gang med nokon av prosjekta, bør ein sjå nærare på Hordalandsdiagonalen, er konklusjonen. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).

Ny rapport tilrår riksveg 52

Men først bør regjeringa sjå på Hordalandsdiagonalen, slår den omfattande kvalitetssikringsrapporten til regjeringa fast.

Sogn: Det er NRK som fortel at 12 konsulentar frå Holte Consulting, A-2 Norge, Proba Samfunnsanalyse og Samfunns- og næringslivsforskning har (SNF) utarbeidd ein såkalla KS1, ei grundig kvalitetssikring med tilråding av kva veg som bør veljast.

Dei viktigaste punkta i konklusjonen seier at riksveg 52 Hemsedalsfjellet bør prioriterast framfor riksveg 7 Hardangervidda. 

Men, ein arm til Bergen frå E134, betre kjend som Hordalandsdiagonalen, bør bli greia ut – og det før ein vedtek byggjeprosjekt for riksveg 7 og riksveg 52.

Forkjemparane sånn passe nøgd

Det gjer at ingen av forkjemparane er særleg nøgde med unntak av dei som kjempar for diagonalen.

– Rapporten er ikkje så tydeleg som me hadde håpa på. At ein skal greie ut ei kopling mellom Bergen og E134, før ein fattar ei endeleg avgjerd for stamveg nummer to mellom aust og vest, er ei dårleg løysing for begge alternativa, seier dagleg leiar i Hardangerviddatunnelene AS, Harald Victor Hove, til NRK.

Han trur det vil ta lang tid før det vert avgjort kva som skal vere stamveg nummer to i tillegg til E134 dersom samferdsleministeren følgjer tilrådinga. Også Oddvar Flæthe, som er sekretariatsleiar i interesseselskapet for riksveg 52, Hemsedalsfjellet, er av den oppfatninga.

– Eg er glad for at rapporten understrekar det Statens vegvesen alt har sagt, at Hemsedalsfjellet er det best alternativet. Men dei som har greia ut rapporten har vore veldig opptatt av strekninga Bergen-Oslo og Vestlandet er meir enn berre Bergen, seier han til NRK.

KVU tilrår Hemsedalsfjellet

I haust la Statens vegvesen fram ei konseptvalutgreiing (KVU), som sa at Hemsedalsfjellet bør prioriterast som hovudveg mellom aust og vest. Då vart det peikt på at Hardangervidda og Hemsedalsfjellet stiller ganske likt dersom ein ikkje reknar med Hordalandsdiagonalen og bru over Sognefjorden.

Vegvalet engasjerer voldsomt, ikkje berre fordi ein får utbetra eit vegsamband, men kanskje helst for kva det vil bety for dei ulike regionane og kommunane vegane vil gå gjennom.

Til toppen