Leikanger: Den nye redningsskøyta i Sognefjorden skal stasjonerast på Leikanger og bemannast av frivillig mannskap i det nyoppretta sjøredningskopset i RSRK Leikanger.
– Den nye redningsskøyta vil vera eit viktig tilskot til beredskapen for alle som ferdast på sjøen i Sognefjorden og i regionen. Det gjer oss i stand til å redde fleire liv og verdiar til sjøs, seier generalsekretær i Redningsselskapet, Rikke Lind i ein pressemelding.
Stiftelsen Uni har bidratt med hovedfinansieringen til redningsskøyta. I tillegg har kommunar og bedrifter i Indre Sogn bidratt med betydelig støtte til både redningsskøyta og den nye basen til mannskapet. Kommunane Leikanger, Aurland, Sogndal, Lærdal, Balestrand og Vik samt Sogn Kontorsenter og Linn Bad i Vik har alle bidratt til bygging av basen.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Aurland Hamnevesen, Gudvangen Hotelldrift og Sogn Sparebank (Aurland Sparebank gavefond) har bidratt til finansiering av redningsskøyta.
Les òg: Politikarane skal vedta kva overskotet i Sogndal brukast til – her er lista