Ny rekord på Storehaugen opp

Laurdag blei Storehaugen opp arrangert for 8.gong i Lærdal. Både kvinner og menn i ulike aldersklassar var påmeldte for å vere med på årets løp.

Lærdal: Friidrettsgruppa Lærdal IL arrangerte motbakkeløpet Storehaugen opp laurdag. Motbakkeløpet er på 3,7 kilometer med ein gjennomsnittleg stigning på nær 25%.

Det var mange påmeldte på det tradisjonelle motbakkeløpet i Lærdal.

For å melde seg på i konkurranseklassen må ein fylle 15 år i 2016 eller vere eldre enn 15 år. Det var 8 stykk som hadde meldt seg på i den yngste klassen.

Første gruppe ut var mosjonsklassen. Desse gjekk Storehaugen opp utan tidtaking. For konkurranseløparane byrja den bratte turen opp klokka 13.00.

Det blei gjeve deltakarpremie til alle som deltek på løpet. Det er t-skjorte premie til alle deltakarane. I tillegg fekk alle som deltar i 15 års klassen og 70 år + klassen premie.

Ny rekord

Stian Angemund – Vik frå Varegg IL vant herreklassen og sette ny rekord. Han slo sin eigen rekord som han sette i 2014. Han fekk i år tida 30:18, og slo med dette den gamle rekorden med eit heilt minutt.

Therese Sjursen frå Bergen Løpeklubb vant dameklassen med tida 41:49. Ho vann også dameklassen i fjor, men då med tida 39:59. 

 

Til toppen