FUTSAL: Heile laurdag er programmet fullstappa med futsal i både Årdalshallen og Lærdalshallen. Arkivfoto: Kaja Nygård.
FUTSAL: Heile laurdag er programmet fullstappa med futsal i både Årdalshallen og Lærdalshallen. Arkivfoto: Kaja Nygård.

Ny runde med futsal i helga

Laurdag står futsal på menyen i Årdalshallen og Lærdalshallen.

Årdal/Lærdal: Denne helga vert dei siste futsalturneringane i aldersklassane 10 til 14 år arrangert.

Futsal er på mange måtar likt innandørsfotball, men skil seg med nokre spesielle reglar. 

Sporten inneheld mykje ballberøringar og høg intensitet, der spelaren blir utfordra på teknikk på små flater. 

I år skal også KM innandørs for aldersfastlagd fotball for første gong spelast med futsal-reglar. 

Både IL Jotun og Lærdal IL er arrangør i helga med fullspekka kampprogram heile laurdagen. Første kamp har avspark 09.30, og det blir mykje fotball heilt ut på kvelden.

Til toppen