PLANLEGG FRAMIDA: Arkitekt Tina Sinclair i Arkitektgruppa Cubus er her saman med delar av niande klasse på «Løytnantsbryggja» på gamle Lærdalsøyri. Onsdag byr dei på vandring i sentrum, før dei presenterer arbeidet så langt med tettstadsutviklingsprosjektet. Foto: Odd Helge Brugrand
PLANLEGG FRAMIDA: Arkitekt Tina Sinclair i Arkitektgruppa Cubus er her saman med delar av niande klasse på «Løytnantsbryggja» på gamle Lærdalsøyri. Onsdag byr dei på vandring i sentrum, før dei presenterer arbeidet så langt med tettstadsutviklingsprosjektet. Foto: Odd Helge Brugrand

Ny runde med innspel og vandring i arbeidet med å utvikla Øyri

Onsdag blir det vandring i sentrum, ungdommen skal syne fram plassar som kanskje er ukjende for mange og representantar frå tettstadsutviklingsprosjektet skal fortelje kva dei vil gjere med Lærdalsøyri i tida framover. 

Lærdal: – Me skal fortelje litt om prosessane me har hatt så langt, folka me har møtt til no og presentere ideane og forslaga for Lærdalsøyri som tettstad. Noko av det er konkret, noko er framleis forslag. Me vil i tillegg opne for innspel, seier sivilarkitekt Maria Molden i arkitektgruppa Cubus i ei pressemelding frå Lærdal næringsutvikling.  

Skal syne fram meir om prosjektet

Cubus er engasjert av omstillingsprogrammet i Lærdal til arbeidet med tettstadutviklingsprosjektet. Arkitektgruppa har samla innspel frå ulike aktørar og hatt eit samarbeid med skulen, "Gla' i Lærdal" og arrangerte i mai kartkafé der skuleelevar i Lærdal fekk koma med innspel på kva dei ønskjer seg i sentrum. 

Les også: Borna ønskjer meir liv i sentrum

Desse aktivitetane var på mange måtar starten på prosjektet, medan tida no er komen for å presentere meir av arbeidet.

Også denne gongen har Cubus samarbeidd med lokale ungdomar, som skal bidra til eit utvida syn på korleis ein ser på Lærdalsøyri. Difor er det naturleg at onsdagen startar med ei vandring på Øyri. 

Bli med på vandring for å sjå kva dei unge ser

– Ungdommane skal ta oss med til kjende, ukjende og kanskje nokre litt gløymde plassar. Slik får alle sett dei same tinga og motverke at me blir for stadblinde. Det er viktig å få med seg denne vandringa fordi historia me og ungdommane vil fortelje vil setje ting i perspektiv, seier Molden og oppmodar deg til å ta med varm klede og gode sko. 

Vandringa startar klokka 18.30 onsdag og etter  vandringa samlast alle i kulturhuset, der Cubus bil fortelje om kva som kan vera ein god plan for sentrum. I tillegg vil niandeklasse ved Lærdalsøyri skule vera "kokkar" for kvelden og servere noko å både smake og tenkja på. 

– Me vil fortelje om kva forslag me har til strategi og overordna grep, som folk kan ta tak i og vidareutvikle. Det skal ikkje berre vera eit tettstadsutviklingsprosjekt som foreslår fysiske forhold, men også ein involveringsprosess der alle er viktige aktørar for ein god tettstadutvikling, fortel Molden. 

Arbeidet vidare

Etter presentasjonen vil Cubus jobbe vidare med tettstadsprosjektet. 

– Når me er ferdig, er det ikkje berre kartet og forslaga som ligg der, men også nye tankar, moglegheiter og prosessar som er sett i gang. Me har intervjua ei rekkje næringsaktørar og jobba med femte, sjuande og niande klasse. Me ser eit glødande engasjement og veldig gode idear for tettstaden, seier Molden. 

Ho legg til at prosjektgruppa gler seg stort over å vera del av denne tettstaden og at dei ser fram til å få oppleva alt det som vil koma til å skje i Lærdal i framtida.  

Til toppen