NY SELGAR: Kristine Haglund (27) har fått fast stilling som selgar i Porten.no. - Veldig spennande, seier ho.
NY SELGAR: Kristine Haglund (27) har fått fast stilling som selgar i Porten.no. - Veldig spennande, seier ho. (Foto: Sunniva Knutsen)

Ny selgar i Porten.no: – Spennande å vera med å forma marknadsavdelinga

Kristine Haglund flytta som 21-åring til Bergen, og hadde inga planar om å koma tilbake. Men tilbod om fast jobb i heimbygda Årdal viste seg å frista, seks år seinare.

Årdal: Kristine Haglund har lagt bak seg sine første arbeidsdagar som selgar i Porten.no. Det har vore kjekt, fortel ho. 

Som selgar får Haglund ei sentral rolle i å byggja bedrifta vidare. Det er ei utfordring ho tykkjer er spennande. 

– Det blir veldig interessant å jobba med marknadsføring som hovudfokus. Det er inspirerande å vera med å bygga opp ei bedrift og forma marknadsavdelinga i selskapet, seier ho. 

Frå DnB til lokalavis

Haglund har bachelor i marknadsføring og salgsleiing frå Markedshøyskolen i Bergen, og har erfaring frå fleire område i bransjen.

Etter eit lite år med forsikring i selskapet Moore Advisors, gjekk ho i august 2017 over til bemanningsselskapet Manpower. Gjennom dei jobba ho som salsrepresentant for British American Tobacco og som kunderådgjevar i DnB. 

Haglund seier at ho ikkje hadde sett føre seg at ho kom til å jobba i ei avis då ho tok utdanninga, men er positiv til utfordringa. 

– Kva tenkjer du om å gå frå store selskap som DnB til ei lokalavis som Porten.no?

– Eg synst det er spennande. Eg trur det er lettare å kome nærare kollegaer og lettare å visa seg litt fram - og dét er motiverande, for ein ser meir tydeleg resultatet av eige arbeid. Ein kan følgje med på tala, og kva sal som går igjennom. Ein har meir kontroll, seier ho. 

Kjekt å flytta heim

Haglund flytta frå Årdal til Bergen då ho var 21 år gamal for å studera. Då hadde ho ingen tankar om å koma tilbake.

Men i løpet av det siste halvåret har ho tenkt mykje på å heimbygda, så då ho såg stillingsutlysinga i Porten.no, greip ho sjansen. 

– Timinga passa godt med at vikariatet mitt i DNB gjekk ut, i tillegg til at eg hadde tenkt på å flytta. Det er veldig kjekt å ha fått fast jobb som selgar, eg gler meg til å koma i gang, seier ho og legg til:

– Eg har mykje vener og familie her, så det er fint å koma heim att no, men hadde du spurt meg for fem år sidan om eg skulle tilbake, hadde eg nok svart nei.

Likevel blir det nok eit par turar til Bergen for å besøka vener innimellom, seier ho. 

Til toppen